Friends

[ Index ] [ Galleri ] [ Linker ]

Spam!

På grunn av mengder av spam som har vorte lagt inn her, har eg no stengt kommentarfeltet inntil eg får laga meg ein måte å sperre ute spam'en på. Noken som har ein kjekk liten php-snutt til meg? :) Ikkje at det er så voldsom trafikk her uansett, men blog'en er jo kjekk å ha! ü


GOD PÅSKE! ü

Og jula varer heilt til påske.. Eller hur? :) Går litt trått på denne bloggen.. Men slik er det når tida ikkje rekk til og noken ting er enklare å utsette enn andre.. Men, men..

Påska er no snart over. Desverre. Men for min del har den vore rimeleg innhaldsrik. For første gong på ganske mange år har eg hatt ferie heile påska igjennom, 10 dagar i strekk, og eg har utnytta dette til fulle. :) Her er påska mi i korte trekk:

  • Hyttetur til Sogndal
  • Skitur med bålbrenning og pølsegrilling
  • Nyting av appelsin og kvikk lunsj i heimelaga snøsofa
  • Yatzy
  • Kortspel
  • Nydeleg mat
  • Peiskos
  • Krim
  • Påskeegg
  • Familie og venner


GOD JUL!

Eg ynskjer alle venner og bekjente ei riktig så god jul, ei fredeleg romjul og eit berikande og godt nytt år! Kanskje møtast vi i 2008? :)


Bra initiativ!

Ordføraren i Stavanger vil ha plast-pose forbud. (Les saka her)

Flott at nokon tek opp denne debatten, men det er en ting eg saknar i denne diskusjonen. Og det er alternativ. Altså, ikkje alternativ til kva ein skal bruke når ein går i butikken (handlenett, sekk, e.l sjølvsagt), men kva er det folk flest brukar posane til når dei først har fått dei i hus? Jepp! Til å sette i søppeldunken sin. Og nettopp der trur eg denne debatten stoppar litt opp. Når folk les ein slik artikkel trur eg nok at dei ser på det som positivt sånn umiddelbart, men så kjem det; "Eg må jo ha søppelposar." Og då er den saken klar. Ein kan ta med seg akkurat nok posar frå butikken til at det dekker søppel-pose behovet. Eller må det vere slik?

Saken er den at posar kan produserast i andre materiale enn plast. Men dette er nok meir kostbart eller tungvint (noko må det vel vere, ellers hadde det vore i handelen allerede?) enn å berre fortsette med dei forurensande plastposane. Både mais og havre er alternativ når det gjeld produksjon av posar som dermed vert miljøvennlege og samtidig kan fungere som både berepose og søppelpose. Så kan en jo alltids diskutere det etiske aspektet ved å bruke mat i denne sammenhengen.

Det er heilt utruleg kor mykje plast vi omgir oss med. Dersom du prøver å kildesortere avfallet ditt, vil du snart finne ut at du brukar mykje meir plast i kvardagen enn du trur. Etter at eg begynte med det har eg nesten ikkje restavfall igjen. Det er nesten litt skummelt å tenke på.

Mitt råd er: Ta med handlenett eller sekk i butikken. Du har sikkert nok plastsposar under kjøkkenbenken til å ha dekt søppelpose behovet ditt ei god stund framover uansett. :)


Seks månader

Tida går så utrulig fort. Nesten for fort. Det skulle ha gått an å bremsa tida litt. Berre bittelitt. Nok til at ein kunne ha fått pusta litt ut og tenkt over kor tida eigentlig blir av. Når eg tenkjer tilbake seks månader i tid innser eg at det faktisk har skjedd utrulig mykje. Mykje meir enn det kjennes ut som når ein sit heime i sofaen sin ein kald og våt haustkveld i november og syns at livet kan virke litt kvardagslig og grått.

Her er litt av det som har skjedd i livet mitt sidan 8. mai:

  • Vore i Geiranger og kjøpt dyr turist-mat
  • Spelt Commodore 64 igjen!
  • Kjørt frå Asker til Grimstad for å vere på festival
  • Kjøpt og flytta inn i ny leilighet
  • Kjørt frå Volda til Sørreisa og tilbake
  • Besøkt ”svigers”
  • Budd på rorbu i Lofoten
  • Nesten gått tom for bensin på Kystriksvegen midt på natta
  • Vore på hytta i Sogndal
  • Begynt i ny jobb
  • Vore på hyttetur til Bjørke
  • Fiska og slått i hjel min første fisk
  • Opplevd årets første snøfall

ü


Nikon D40

No har eg endeleg teke steget og kjøpt meg eit digitalt speilreflekskamera! Har tenkt på det i snart eitt år, og no var det jammen på tide. Var lenge usikker på kva eg skulle kjøpe og sikla på både Nikon D40 og Canon EOS 400D, men enda til slutt på Nikon D40. Litt på grunn av pris, og litt fordi Erlend har det samme slik at me kan bytte på linser, etc. Har hatt det ca ei veke no og er superfornøgd! :D

Så snart eg får internett i hus skal eg få lagt ut nokre snæksy bilder. ;)


Det snør. Tiddelibom.

I dag er det tirsdag. Datoen er 30. oktober. Klokka er ca 13:30. Og det er heilt kvitt ute. Av alle dagane i dette året vart akkurat denne dagen i dag den første vinterdagen i Volda.


Working girl!

Turen nordover var kjempeflott!! :D Får sjå om det ikkje vert lagt ut bilder snart. Og av leiligheita også. Men det er så mykje som står på tapeten no for tida. Begynte på ny jobb i Tussa på mandag, så no er det på jobb 8-4 og helgefri! :D Både slitsomt og godt. Merkeleg følelse å ha fri så tidleg på dagen. Jobben virkar veldig bra, og eg gler meg til å kome skikkeleg inn i det. Akkurat no er det mykje nytt å setje seg inn i og mange nye folk å helse på, men merkar at det kjem seg litt allereie. :)

Og så er det jo leiligheita som enda ikkje er komen i orden. Manglar fremdeles taklamper, dusjkabinett og gardiner, men har heldigvis fått på plass vaskemaskin og nattlampe, så litt skjer jo. :)


Tur til Nord-Norge!

Då er den store sommarturen vår i gang! :) Eg reiste frå Volda i går formiddag, og var framme her i Buvika i 19-tida i går kveld. Erlend kom hit på fredag etter å ha vore på hyttetur, og hadde middag klar når eg kom. Reinsdyrsskav med fløte og poteter. M m m! Nydelig :)

Etter å ha kjørt i pøseregn fra begynnelse til slutt i går er det godt å sjå at vèret ser lysare ut i dag. Turen går no til Namsskogan, der vi skal overnatte i eit av feriehusa til familien Viken. Om vèret og kjøregleden held seg, er planen å kjøre heilt til Sørreisa på mandag. :)


HUSEIGAR!

Jepp! Frøken Ølnes har kjøpt seg hus! Eller, leilighet da. På Røysmarka i Volda. Så no er Sybo epoken over. Litt trist er det jo. Det er ikkje til å komme utenom. Kjem til å sakne gode naboar, grilling og kubb på plenen.

Men, på den andre sida blir det kjekt å endeleg ha sitt eige. Og ikkje minst, noke større. :)

Mitt nye hus på Røysmarka Plantegning. Mi til venstre